Nordsida

- Klikk på bildet for å sjå større bilde -
- Click on the picture to view a larger picture -
Her er den gamle kledningen fjerna.
Det meste av veggen er reisverk på denne sida. Utanom til høgre i andre etasje der det er lafta tømmer.
 
Kva var det snikkaren (tømraren) sa at dette heitte..? Fransk hakekopling?
Det var første gongen han hadde sett dette i Noreg.
Tre av stokkane i det lafta tømmeret ser ut til å vere ein god del eldre enn resten av tømmeret i huset.
Dessverre har fukt på baksida gitt levevilkår for midd.
Tømraren er i aksjon med motorsaga.
Til å vere 130 år gammalt, og utsett for fukt, er dette eigentleg i bra stand.
Veggen har endeleg fått isolasjon, med duk utanpå.
Isolert vegg er på plass.
Ny bordkledning er på plass.
Hola der dei to vindaugene var er tetta att.
Spor i reisverk og tømmer viser at det ikkje var vindauger her før ombygginga rundt 1950.
Bilde av ferdig resultat kjem vår / sommar 2006.  
  <<.. attende til hovudsida